Bevakar högskolan
Sök
Stäng denna sökruta.
Bevakar högskolan
Sök
Stäng denna sökruta.
Det här innehållet kommer från vår tidigare hemsida och kan därför se annorlunda ut. Vi ber om överseende med detta.

Debatt nr 9-07; svar till Karin Granqvist

1 september, 2007
Universitetsläraren

I artikkelen ”Postdoktorer handleds i Norge” (Universitetsläraren 6/2007) av vår postdoktor Karin Granqvist, får man eit fullstendig missvisande bilete av korleis forholda er for postdoktorar i det norske universitetssystemet. For dei som vil orientere seg i dei faktiske forholda bed vi om at dei undersøkjer denne nettstaden, som fortel om korleis forholdet mellom institusjon og postdoktor er avtaleregulert; www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060131-0102.html . I paragrafen som gjeld postdoktor heiter det mellom anna at den som blir tilsatt i stillinga skal legge fram forslag til prosjekt for kvalifiseringsarbeidet. Forslaget skal innehalde framdriftsplan. Det blir også forutsett at søkjarane vil kunne gjennomføre prosjektet i løpet av tilsettingsperioden på tre år. Det blir også stilt krav om at det blir utarbeidd ein plan for gjennomføring av prosjektet som ligger til grunn for tilsettinga i postdoktorstillinga, og at planen skal inngå som del av eller vedlegg til arbeidskontrakten for åremålstilsettinga. Planen skal omfatte prosjektbeskrivelse og framdriftsplan. Planen må innehalde opplysning om kven som skal ha plikt til å følgje opp den tilsatte med fagleg rådgiving. Både han/ho som har ansvar for fagleg rådgiving, og den tilsatte har plikt til å melde frå til arbeidsgjevar om manglande gjennomføring av planen, heiter det også i forskrifta. På bakgrunn av reglementet har institutt for historie bestemt at ein av dei tilsette ved instituttet skulle vere rådgivar, og ikkje som Granqvist påstår, ”handledare”. Rådgivaren skal først og fremst vere eit tilbod til postdoctoren om ein faglig kontakt og samtalepartnar under prosjektet, som òg skal tene som bindeledd til den øvrige faste vitskaplege staben. Det er viktig at ein skil mellom omgrepa ”faglig rådgivning” og ”handledning”. Det første betyr nok heilt anna enn det siste, og ut frå artikkelen til Granqvist i Universitetsläraren kan ein få inntrykk av noko heilt anna. Vi kan dessverre ikkje kommentere dei personalmessige konfliktane som Granqvist rører ved, men berre konstatere at dette handlar om arbeidsgjevaren sin plikt til å følgje opp prosjekta til sine tilsette. At Granqvist ser ut til å ha ei anna meining om dette har vi alt visst i lang tid no, men at ho skulle ha mistolka regelverket så sterkt som det som går fram av artikkelen hennar, var vi ikkje klår over. Forskrifta er ikkje noko komplott eller samansverjing mot Granqvist, men fornuftige kjørereglar for regulering av arbeidsforholdet mellom postdoktor og universitet.

Universitetsläraren
Universitetsläraren utformas enligt journalistiska principer och följer mediebranschens publicitets- och yrkesetiska regler. Tidningen har en fri och självständig ställning gentemot sin ägare, fackförbundet SULF.
Ämnen i artikeln:
Dela:
Debatt och krönikor

Per-Olof Eliasson

Per-Olof Eliasson-kronika

Skicka din debattartikel till redaktionen@universitetslararen.se

Senaste numret
Tidningsarkiv
Nummer 2, 2024
Nummer 1, 2024
Nummer 6, 2023
Nummer 5, 2023